Takk –
Takk Jesus at du elskar ein syndar slik som meg.
Takk, takk at du meg stansa og bar meg heim til deg!
No
kjenner eg din nåde, no eig eg hjartefred,
Og underfull
er gleda du senkjer i meg ned.
Takk for
du opna augo på meg som var så blind.
Takk for
eg no får skoda mot himlens ljose tind.
Eg ser eg låg i døden, men no eg livet har.
Du,
Jesus, er min Frelsar, og Gud min gode Far.
Og takk,
ja takk du kjære, at du har bruk for meg.
Eg skal
fortelja andre kor godt det er hjå deg.
For alle –
alle saman, kan same lukka få,
Dei unge
som dei gamle, dei store som dei små.
(Gerda
Løland i baoka «Unni» i 1957.
Den går
på tonen til: Eg ville gjerne eiga….
Eller til:
Mitt skyldbrev er utslettet ….)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar