lørdag 8. juni 2013

52. Om Jesus kom i denne



Om Jesus kom i denne stund og henta heim si brud,

vart du då med til himmelen, til herlegdom hjå Gud?
Skal du få høyra frå hans munn: Gå inn - du vel har gjort.
Eller skal du kanskje møta, ein lukka himmelport?

Om Jesus kom i denne kveld, skal då din plass stå tom,
Vert du av Herren henta heim, med dei som vende om?
Skal du på gylne gater gå, og sigerskruna få?
Eller kanskje må på porten, du fåfengt banka på?

Så sei til Jesus nå i dag: Du frelsa må mi sjel!
Du stryka må mi syndeskuld, du løysa må ein trel.
Av nåde vil han frelsa deg, av nåde vert du hans.
Av Jesus du i himlen får ein herleg sigerskrans.

1 kommentar:

  1. Som ung og gift sang eg og kona fleire gonger denne songen i ulike bedehus "Om Jesus kom.....
    Flott at ein bevarer desse gamle gode tekstene også melodiene. Tekstene er like aktuelle i 2019.

    SvarSlett